Vikebladet Vestposten

Lokalavisa Vikebladet vart stifta i Ulsteinvik i 1929. I 1989 vart avisa slått saman med Vestposten på Hareid, og namnet vart Vikebladet Vestposten. Redaksjonslokala ligg i Ulsteinvik sentrum, og kjerneområdet er Ulsteinvik og Hareid. I 1999 vart Vikebladet Vestposten kjøpt opp av Sunnmørsposten og våren 2009 vart vi ein del av Polaris Media. Frå 2000 har vi kome ut med nettavisa vikebladet.no. Per døgn har vi i snitt 12 oppdateringar og eit snittal på ca. 7000 unike brukarar på nett og mobil.

Fakta
Samlet opplag 4119
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Anne Gry Eilertsen (konstituert) (57)
Ulstein og Hareid kommunar.
Kommer ut tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
12000
Daglige brukere på nett
9000
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3768
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 0
  • Antall kommentarer
  • 78
  • Antall innlegg på nett
  • Refuserte innlegg på nett
  • Antall gjestekommentarer
  • 48
  • Antall leserinnlegg
  • 414

    Mål og prioriteringar

    Vi skal gjennom papir og nett vere det viktigaste informasjonsorganet i Hareid og Ulstein, og vere eit viktig informasjonsorgan i ein større region.

    Vi veit mest om Hareid og Ulstein, og skal vere raskt ute når noko skjer der.

    Målet vårt er at det er gjennom vikebladet.no lesarane først skal få vite vite hendingsnytt frå regionen. At det er vår nettstad dei først klikkar seg inn på.

    Hareid og Ulstein kommunar har i alt 13.000 innbyggjarar. Ei av utfordringane  våre er å kunne leve opp til forventningane som innbyggjarane har om å dekkje det meste som skjer i dei to kommunane.

    Blant prioriteringane våre er å auke kvaliteten på det redaksjonelle innhaldet både på papir og på nett.

    Å auke oppdateringsfrekvensen på vikebladet.no, inkludert fleire videoar og bildeseriar, står høgt på prioriteringslista.

    Dei mest lesne sakene på Vikebladet.no i 2013;

    1: To mista livet (Vikebladet Vestposten) – 16509
    2: Påkøyrsel i Hareid sentrum (Leiv Arne Grimstad) 8526
    3: Prøvde å drage jente inn i bil (Anne Gry Eilertsen) 5976
    4: Fann død mann i sjøen (Joar Ødegård) 5906
    5: Mann døydde etter vald (Ingen byline) 5870
    6: Vegen er rydda (Ingen byline) 4708
    7: Slått med flaske (Andreas Bjerknes) 4454
    8: Kaos på Hareidlandet (Einar Orten Trovåg) 4378 
    9: Har erkjent straffeskuld (Ingen byline) 3965 
    10: Henta skadd person i helikopter (Vikebladet Vestposten) 3890

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Vi skal informere og engasjere lesarane, og setje saker på dagsorden.

    I 2013 har spaltene våre i lange bolkar vore prega av både artiklar og innlegg om utviding av Ulstein kyrkje. Etter at Vikebladet Vestposten presenterte planane til Ulstein sokneråd om å byggje på dagens kyrkje, og fjerne store deler av gamle Vik kyrkjegard, vart debatten stor. Det resulterte i eit ope møte på kulturhuset Sjøborg.  Soknerådet har i etterkant nedsett ei gruppe som skal sjå på alternativ plassering av ny arbeidskyrkje.

    Ulsteinvik sentrum er inne i ein stor utbyggingsperiode, og vi har brukt mykje spalteplass både på foto av utbygginga og skildring av ulike prosjekt. Blant prosjekta det skal satsast på er det kommunale fleirbrukshuset «Arena Ulstein» til 204 millionar kroner. Før utbygginga vart klubba gjennom i kommunestyret vart saka grundig belyst i avisa vår gjennom intervju med politikarar, administrasjonen i kommunen, lesarinnlegg frå motstandarar og tilhengarar.  Diskusjonen gjekk i første rekke på om Ulstein kommune, som har opparbeidd seg svært stor lånegjeld, hadde råd til eit slikt prosjekt på toppen.

    Av viktige saker vi har tatt opp på Hareid er mangel på barnehageplassar, forslag om innføring av eigedomsskatt (det vart innført) og forslag om å leggje ned skular.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Alle journalistane har vore med på kurset «Lesing og lesarar», i regi av Institutt for journalistikk. Kurset vart halde i redaksjonslokalet, og lærar var Asgeir Olden. Målet med kurset var å betre språket, gjere innhaldet i artiklane lettfatteleg for lesarane. Gjerne også gje dei  språklege setningar som får det til å sprake litt i hjernebarken.

    Etikk:

    Året 2013 vart gjort unna utan PFU-saker.

     

    Anne Gry Eilertsen,

    ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport