Marknadskonsulenten har stått for kontinuitet gjennom 25 år, medan heile redaksjonen på tre personar blei skifta ut i løpet av 2013, noko som har vore litt krevjande. Ny redaktør/dagleg leiar tok over 1. januar. Den mest rutinerte journalisten slutta 31. mai etter 10 år i avisa, og ho som hadde årsvikariat slutta til sommarferien. Den 5. august kom ein røynd Sunnmøringen-journalist tilbake frå studiepermisjon samtidig som avisa fekk ein ny journalist.
Siste halvår har vore prega av omstilling og førebuing til malstyrt produksjon. Laurdag 30. november kom den første «nye» avisa ut, produsert ved hjelp av InCopy og InDesign. Dette var også første gong på svært mange år at avisa fekk ny layout. Samtidig blei avishovudet reinteikna og mannen, med eple i eine handa og fisk i den andre, blei fjerna frå S-en først i namnet. Fleire lesarar uttrykte stor skepsis til endringa av logoen, som har vore slik starten i 1946.
Både redaksjon og marknadsavdeling jobbar for å bli betre digitalt. Marknadskonsulenten både skaffar og utformer annonser til papiravisa, medan digital reklame må produserast andre stader. Printannonsene har ei god utvikling, samanlikna med andre mediehus.
Sunnmøringen blei trykt i ekstra mange eksemplar fire gonger i 2013: Alperittet 20. februar (3.200), Sommarmagasin 20. juni (33.000), Strandadaganeavis 2. september (7.500) og Vintermagasinet 21. november (32.000).