Møre-Nytt

Møre-Nytt held til Ørsta, og dekkjer Ørsta og Volda kommunar. Møre-Nytt vart etablert i 1935 med papiravis, og kom med nettavis hausten 2011. Det var ei av dei fyrste betalingsavisene for nett i landet. I 2013 heldt den digitale utviklinga fram. Det har vore viktig å vidareutvikle den digitale satsinga, med fleire publiserte saker på nett, og dessutan lansere mobilløysing og e-avis. Mobilløysinga kom til sommaren, og dei fyrste kunne lese i den nye e-avisa i desember.





Fakta
Samlet opplag 5214
Utgiversted Ørsta
Ansvarlig redaktør Rune Sæbønes (50)
Ørsta og Volda
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag.
Daglige lesere totalt
11000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 4.144
  • Redaksjonelle årsverk
  • 7,5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • Antall kommentarer
  • Antall innlegg på nett
  • Refuserte innlegg på nett
  • Antall gjestekommentarer
  • 50
  • Antall leserinnlegg
  • 400

    Mål og prioriteringar

    Møre-Nytt er det umåteleg viktig å vidareføre den tette lesarkontakten vi har. Det vil mellom anna seie å vere til stades i lokalmiljøet. 2013 var spesielt fordi det var Språkåret 2013, og i og med at Møre-Nytt er ei nynorskavis, og fordi Ivar Aasen kom frå Ørsta, var det naturleg for Møre-Nytt å satse på språkåret.

    Det har også vore viktig å vere i takt med tida, og vidareutvikle dei digitale løysingane. Mot slutten av året starta også satsinga på ny formgjeving av papiravisa. 1. februar 2014 kom Møre-Nytt med ”ny” papiravis, og gjekk over til malstyring.

    Populære nettsaker i året som gjekk:

    Kjellen-video ein klikk-vinnar
    Video frå innbrot hos Gullsmed Bjørklund
    Jordraset på Vartdal
    Grindkval i Hjørundfjorden
    Opning av Dei nynorske festspela




    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolla til avisa

    2013 var Språkåret. Det var heilt naturleg for Møre-Nytt å satse tungt på dette. Det skjedde frå starten med Nynorskstafetten, og heldt fram med Dei nynorske festspela i juni og feiringa av Ivar Aasen sin 200-årsdag i august.

    Møre-Nytt skal ikkje berre satse på dei store hendingane, men vere til stades i lokalsamfunnet. Det er ein ambisjon å dekkje alle bygdelag. Det er krevjande, for avstandane kan av og til vere ”for lange” når deadline nærmar seg. Men i løpet av året vart alle bygdelag dekt. For Møre-Nytt er det viktigare å dekkje den lokale kulturproduksjonen, enn nødvendigvis dekkje konsertar og framsyningar med kjende artistar frå hovudstadsmiljøet.

    Siger: Erling Vole jublar for det avgjerande målet for Vartdal. (Foto: Joachim Kroken Åsebø)

    Ørsta kommune, og også Volda kommune, er i økonomiske vanskar. Møre-Nytt har vore tett på, og ikkje minst prøvd å synleggjere konsekvensane for innbyggjarane med innføring av eigedomsskatt, reduksjon i tilbod osb.

    Diverre vart 2013 også eit år der naturkreftene viste seg frå ei ublid side. I november kom det eit styrtregn som medførte fleire jordras. Det mest alvorlege hende på Vartdal, der hus vart øydelagde, og familiar vart evakuerte. Her hadde Møre-Nytt ei fyldig dekning både på nett og papir etter ulykka.

    2013 var eit valår, og sjølv om det ikkje var eit lokalval, som ofte gjev større engasjement, prega valkampen spaltene. For Møre-Nytt handlar det om å synleggjere viktige saker for lokalsamfunnet, og få partia og kandidatane sine synspunkt på desse. I tillegg vart det mange innlegg i debattspaltene.

    Også næringsutviklinga i kommunen vart følgt tett. Ørstaog Volda er samfun i omstilling, der industriarbeidsplassane vert redusert, offentlege arbeidsplassar er under press, og talet på handelsbedrifter aukar. I tillegg vert det satsa på reiseliv, oppdrett og kulturproduksjon – og samferdselspolitikken med moglege nye vegar, vil påverke dagleglivet.

    Dramatisk: Det var uhyggjeleg då jordraset slo inn i husa i Årsetdalen på Vartdal. (Foto: Janne-Marit M. Falch)

     




    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Møre-Nytt har ein redaksjon samansett av redaktør og fire journalistar. I løpet av året har ein journalist vore på IJ-kurs.

    Mykje av den journalistfaglege utviklinga handlar om å omstillingsprosessen frå berre å tenkje papiravis til å tenkje publisering på nett. Det handlar ikkje lenger om å levere tre utgjevingar på papir i veka, men tenkje publisering kvar time, sju dagar i veka. Det er ei utfordring det vert arbeidd mykje med.

    Men pairavisa er ikkje gløymd, og mot slutten av året starta ein prosess med å leggje om denne. Det vart lagt vekt på stor involvering frå heile mediehuset.

    Etikk

    Møre-Nytt legg Ver Varsam-plakaten til grunn for det etiske arbeidet i avisa. Avisa vart innklaga for Pressens faglege utval (PFU) ein gong. Det galdt ei refusert lesarinnlegg. Klagen nådde ikkje fram.

     

    Rune Sæbønes

    ansvarleg redaktør 

    Utblåsning: Det var eit leven utan lika då grindkval vitja Hjørundfjorden i juli. (Foto: Rune Sæbønes)

     

    Legg til i min rapport