
- Avisa har svært god lesarkontakt og får gode tips om saker som lesarane våre er opptekne av.
Dette året har vi mellom anna skrive om :
- Etterlyser hytterapport i Skjåk
- Arkeologiske funn ved Tesse.
- Verten på Spiterstulen, Svein Ovesen som mista eine armen i ei stygg bilulykke.
- Store husdyrtap etter at jerven har herja i fjellet.
- Foreldre i Vågå kjempar for at kommuna ikkje skal innføre full skuleveke for dei yngste.
- Dag Lindvig i Vågå satsar på å gjere stabburet sitt om til brenneri der det skal produserast heimebrent.
- Bygg- og anleggfirmaet Biteko AS i Skjåk er meldt til politiet for å ha pumpa kloakk ut i ein bekk.
I tillegg har vi også dette året, i samarbeid med lokal sparebank og lesarane våre, kåra Årets Ottadøl.
Den hittil største utfordringa vi har hatt som lokalavis fekk vi med Øygardssaka hausten 2012. Journalistane Hans Erik Kjosbakken og Arve Danielsen dekte rettsaka to veker kvar.
Øygardsaka var oppe i tingretten i 2012, og Øygard vart dømd. Han anka saka inn for lagmannsretten våren 2013. Vi informerte frå rettsalen kvar dag ved hjelp av stoff frå NTB. Stoffet kunne vi bearbeide slik vi ynskte, dette var ressurssparande for Fjuken, samstundes som vi heldt lesarane våre oppdatert. Øygard vart dømd også i lagmannsretten. I etterkant av denne domen, gjekk Fjuken ut på leiarplass med ei klår oppmoding til ordføraren i Skjåk, bror til den dømde, om å be den fornærma jenta og hennar familie om offentleg orsaking for uttalelsar han hadde kome med i rettsrundene. Dette førte til svært stor merksemd kring Fjuken, både i lokalmiljøet og i riksmedia. Etter eit fire timar langt møte i Skjåk Senterparti, gjekk ordørar Øygard i Skjåk ut og ba om orsaking. Dette fekk vi mange gode attendemeldingar på og stor respekt for.