Fjordingen

Fjordingen dekkjer kommunane Stryn og Hornindal og har eit opplag på 3.979. Avisa vart starta i 1928, først under namnet Indfjordingen. Etter ein trå start med konkurs, vart avisa starta opp igjen i 1929, no under namnet Fjordingen. Fjordingen var eigd av lokale aksjonærar fram til avisa vart seld til Sunnmørsposten i 2003. Fjordingen er dermed ein del av Polaris Media. Avisa kjem ut i papirversjon måndag, onsdag og fredag samt på nett og mobil.

 

 



Fakta
Samlet opplag 3979
Utgiversted Stryn
Ansvarlig redaktør Bengt Flaten (48)
Stryn og Hornindal
Kommer ut måndag, onsdag og fredag
Daglige lesere totalt
14000
Daglige brukere på nett
8.842
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3133
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 135
  • Antall kommentarer
  • Antall innlegg på nett
  • Refuserte innlegg på nett
  • Antall leserinnlegg
  • 620

    Mål og prioriteringar:

    Fjordingen sin redaksjon har i 2013 bestått av fem faste journalistar i tillegg til ansvarleg redaktør/dagleg leiar som og er skrivande. Alle er fotograferande, og alle har og ansvar for avisa si nettside.

    1,9 årsverk typografar fordelt på tre personar gjer alt frå sideplanlegging, annonseproduksjon, sideombrekking og sending til trykkeri.

    Avisa gir gjennom året ut fire tematiske ekstraaviser i tillegg til ordinær avis.

    Avisa har eigen lokalradio, Radio Stryn, som vert driven med om lag eit halvt årsverk.

    Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.

    • Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.

    • Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.

    • Papiravisa er hovudproduktet for Fjordingen. Nettavisa vert stadig viktigare og gjer oss i stand til å konkurrere på raske nyhende mellom papirutgåvene. Fjordingen tilbyr og papiravisa i fullverdig elektronisk versjon.

    • Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, litt ekstra smågodt i kvardagen. 

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Samferdsel. Knapt noko tema engasjerer meir enn veg og vegbygging. Særleg spørsmålet om kvar vegar skal byggjast. Hausten 2012 vartKvivsvegen opna. Vegen bind indre Nordfjord saman med søre Sunnmøre, og vart bygd som ein del av den framtidige E39.

    Kvar E39 skal gå mellom Skei og Volda er likevel ikkje avklart. Avklaringa skulle bli teken av den raudgrøne regjeringa, men usemje mellom Sp og Ap gjorde at det aldri kom nokon avklaring. Dermed har debatten gått varm både i Fjordingen sine spalter og i andre media. Avklaring er venta i løpet av vårparten 2014.

    Fjordingen har på leiarplass teke eit klart standpunkt om at E39 må følgje indre linje med tunnel under Utvikfjellet, bru over Nordfjord ved Svarstad i Stryn kommune og deretter Kvivsvegen mot Volda.

    Vedtak om å fullføre den mangeårige utbygginga av fv 60 mellom Olden og Innvik har vore eit anna viktig tema innan samferdsel. Det same gjeld fv 60 i indre Hornindal og ikkje minst opprusting av rv 15 Strynefjellsvegen. Målet for heile regionen er å få på plass ny tunnel med heilårs veg også til Geiranger.

    Helse. Nordfjord sjukehus har dei siste åra blitt fråteken mange tilbod. Fødeavdelinga vart flytta til Volda sjukehus i samband med opning av Kvivsvegen og akuttberedskapen vart lagt ned. Mange nordfjordingar har teke i bruk Volda sjukehus også som akuttsjukehus, sjølv om Helse Førde helst vil ha akuttpasientar frå Nordfjord til Førde. Mangel på samarbeid mellom helseføretak hindrar i utgangspunktet pasientar nær helseføretaksgrenser å velje næraste sjukehus. Dette har avisa teke opp i fleire leiarartiklar. Grenser som tvingar folk til å køyre to timar i staden for 25 minutt til næraste sjukehus, gjer at pasientane oppfattar at det er helseføretaket sin økonomi og ikkje pasienten sitt beste som er viktig. Kommunelegane i Nordfjord har i mange tilfelle trassa Helse Førde sine ønske, og sendt pasientar til næraste sjukehus i nabohelseføretaket fordi det er til pasienten sitt beste.

    Verdscupen. Indre Nordfjord har tre idrettsutøvarar som hevdar seg i verdscupen. Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø frå Stryn i skiskyting og Anders Fannemel frå Hornindal i hopp. Johannes slo igjennom for alvor med dobbeltsiger i verdscupen i Frankrike rett før jul og fekk saman med broren billett til OL.

    Anders Fannemel har gjennom sesongen vist stadig betre ressultat og har vore blant dei beste norske utøvarane i fleire verdscupkonkurransar.

    Turisme. Stryn og indre Nordfjord utgjer eit attraktivt og allsidig reisemål for turistar med varierte behov. Sjølv om brearmane smeltar vekk, byr naturen likevel på mangfald frå fjord til fjell. Cruiseturismen er stor, og cruisekaia i Olden kunne notere rekord sommaren 2013. Samtidig har den nye Via Ferrata i Loen trekt til seg eit høgt tal brukarar.

    Regionen har dei siste åra markert seg som ein stadig større aktør også innan vinterturisme. Eitt døme er Hornindal skisenter som opna alpinanlegg i februar 2013.

    Skule. Stryn vidaregåande skule var føreslegen nedlagt i ein konsulentrapport utrarbeidd på oppdrag av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Forslaget skapte stort engasjement blant lokalpolitikarar og næringslivet, og etter intens kamp vart skulen berga frå nedlegging. Fleire viktige tilbod vart likevel teke vekk, blant anna idrettslinja. Ein søknad om å etablere landslinje i skiskyting fekk seinare støtte frå fylkeskommunen, og er til handsaming i departementet.

    Næringsliv. Stryn og indre Nordfjord har eit rikt og allsidig næringsliv som leverer gode resultat og som stadig har behov for arbeidskraft. Satsing på design er fellesnemnar for mange av næringsaktørane. Siste nytt er auka satsing på geværskjefte, produsert i Hornindal, og med heile verda som marknad.

    Uver. Juleorkanen Dagmar 1. juledag 2011 er ikkje gløymt, men har gjort at indre Nordfjord har auka beredskap og fokus når naturen slår seg vrang. I november opplevde indre Nordfjord på nytt uver, denne gong med fleire store ras og stengde vegar som resultat.

     

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.

    • Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.

    • Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.

    • Meningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.

       

      Etikk

    • Avisa har sterkt fokus på etikk og er bevisst på same norm og etiske standard både i papiravis og på nett.

       

       

      Bengt Flaten

      ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport