Fjordenes Tidende

5. april 1910 kom den første utgåva av Fjordenes Tidende ut. Dette er den nest eldste avisa i Sogn og Fjordane. Fram til 1995 var det lokale eigarar av Fjordenes Tidende til Sunnmørsposten kjøpte gradvis opp alle aksjane i Fjordenes Tidende AS. I dag er Fjordenes Tidende eit moderne mediehus som blir sendt ut til knapt 5.000 abonnentar på papir og e-avis, pluss at vi har nettside og mobilløysing som blir oppdatert. Vi dekker fem kommunar i ytre Nordfjord i Sogn og Fjordane: Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven, og har ei sterk forankring i denne regionen. Rundt 20 prosent av dei betalande abonnentane bur utanfor Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fjordenes Tidende føl folk i denne regionen frå vogge til grav.

 

 

 

 



Fakta
Samlet opplag 4775
Utgiversted Måløy
Ansvarlig redaktør Eling Wåge (55)
Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og Vanylven.
Kommer ut Mandag, onsdag og fredag.
Daglige lesere totalt
14000
Daglige brukere på nett
4000
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3928
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6,5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 149
  • Antall kommentarer
  • 18
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 40
  • Antall leserinnlegg
  • 650

    Mål og prioriteringar

    • Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker. Skal følgje folk frå vogge til grav.
    • Vi vil skape innhald både på print og nett som folk i denne regionen ikkje kan klare seg utan.
    • Vi har stort fokus på korleis vi fortel historiene vi formidlar, og korleis vi presenterer dei. Vi går heile tida vore gjennom produktutvikling med tydeleg prioritering av stoffet. Og vi er like mykje opptekne av dei små og mjuke sakene som dei store og tunge.
    • I november 2013 bestemte vi oss for å ta eit sterkare grep på nett. Vi auka frekvensen på publisering av saker. Vi har starta så vidt å produsere videoar, og ser at dette genererer treff. Vi etablerte også vår eiga side på Facebook, og i løpet av to månader fekk vi 2.000 følgjarar. Vi ser at dette har ført til meir besøk på nett og mobil. (Sjå eigen grafikk).





    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom, pluss at vi skal la folk som har meiningar om samfunnsutvikling få sleppe til. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.

    • I 2013 var stortingsvalet ei viktig sak som prega vår dekning

    • Endringar i næringsstruktur og næringsliv i regionen har vore viktige saker i 2013. Mange bedrifter er inne i omstillingsfasar, og det har ført til mange nye bedrifter samstundes som tradisjonelle bedrifter har blitt lagt ned. Mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi på grunn av auka kostnader, og auka krav til kvalitet på offentlege tenester og offentlege tilbod. Det har ført til stort folkeleg engasjement og debatt i spaltane både på nett og print.

    • Organisering av helsevesenet i samband med nedbygging av Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentral. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typer helsetenester vore.

    • Nedlegging av tollkontor, stasjonering av redningsskøyta, om den skal ha base i Måløy elller Florø, endring av politidistrikt og lensmannskontor har vore mykje omtalt både på nett og papir.

    • Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlige kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema. I 2013 kom det første vedtaket om at verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel, skal byggjast. Den blir bygd i vårt dekningsområde.

    • Det har også vore mykje debatt om kvar stamvegen nord-sør, E 39, skal gå – skal den gå i indre eller midtre Nordfjord. I vårt område har kystvegen og styrking av 45-minuttarsregionen vore viktige saker.

      Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter.

    • I 2013 var det stor debatt om dei vidaregåande skulane i fylket. I vårt dekningsområde er det to slike skular. Spørsmålet er om kor mange skular det skulle vere i fylket og kva linjer dei ulike skulane skal ha. Denne saka skapte stor engasjement i året som har gått i heile fylket og i våre spaltar.

    • Striden om kvar den nye kraftlinja skal gå gjennom fylket har ført til stort engasjement. Spesielt i Bremanger og i Ålfoten. Her har grunneigarane vore sterkt usamde, og det var to rettssaker som følgje av striden.

    • Dessverre har det vore fleire alvorlege og tragiske ulukker i vårt dekningsområde dette året både på vegen, på havet og i brann der folk har mista livet. Det har også vore mange ulukker der folk har blitt skadde.

    • Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette.



    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Vi har hatt interne kurs. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene.

    Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere med kvarandre.

    • I 2013 har vi jobba vidare med eit intert prosjekt «Snøhetta» som vi starta i 2012. Her involverte vi heile mediehuset med alle avdelingar. Inspirert av Lars Monsen og dei med funksjonshemmingar som klarte meisterstykket å jobbe saman som team og støtte kvarandre til toppen av Snøhetta, så har vi gjennom ulike prosjekt jobba med korleis vi som team skal sette oss mål og korleis vi skal nå dei. Kva ruter skal vi velje, korleis kan vi endre rutene vi vi brukar dersom det kjem hindringar i vegen. Vi har hatt fokus på korleis vi skal nå målet vi har sett oss.

     

    • Etikk Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Fordi vi ikkje har noko godt system eller ressursar til å overvake nettdebattar så har vi dessverre stengt debattar og kommentarar til redaksjonelle saker på nett.
    • I 2013 vart vi dømd for brot på god presseskikk i Pressens faglege Utval (PFU). Vi vart dømd for å ha publisert eit lesarbrev der det var framsett påstandar mot administrerande direktør i Helse Førde. Det var styreleiaren i føretaket som klaga oss inn for utvalet. PFU meinte at den administrerande direktøren skulle fått svart på påstandane i same avis. To andre aviser i Nordfjord, som også publiserte lesarbrevet, vart også dømde.
    • Erling Wåge
    • ansvarleg redaktør
    Legg til i min rapport