Fjuken
Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling, såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 abonnentar. Nå er Fjuken inne i sitt 26. år, har sjølveigd avishus, to avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar.
Med nær 4000 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".