Ei utvida redaksjonell verktøykasse

Digitaliseringa har gitt oss mange nye verktøy til å lage vesentleg og grundig journalistikk. For det er ikkje slik at nettjournalistikk er synonym for lettvint journalistikk. Tvert om kan vi få hjelp til å grave djupare og analysere betre.

Prosjekt datastøtta journalistikk i Sunnmørsposten har utforska nokre av dei mulegheitene som digital teknologi byr på, særleg når det gjeld journalistisk research og visualisering. Her er nokre døme på det:
Ved å hente inn og analysere tal frå ulike datakjelder, kom det fram at Ålesunds-regionen ligg på topp på landsbasis når det gjeld bustadbygging. Gjennom kartgrafikk kunne vi vise kvar utbygginga er størst, og kva konsekvensar dette kan få for framtidig skulestruktur.
Då skattelistene vart frigitt oktober 2013, gjekk vår datastøttegruppe gjennom heile landets skattedata, eit omfattande materiale med over 4,3 millionar kolonner. Målet var å undersøke kva skattelistene eigentleg fortel om økonomien vår. Befolkninga vart delt inn i fem inntektsgrupper, og grafikken kunne vise forskjellen mellom dei med høgast og lågast inntekt, fordelt på fylke, regionar og bydelar. Slik kunne vi vise konturane av Forskjells-Norge. Kor mykje meir tener folk på ytre Sunnmøre enn i indre? Kva bydel i Ålesund har lågast og høgast gjennomsnittsinntekt? Alle tal var basert på skattelistene frå Skatteetaten, og viser klart den samfunnsmessige verdien av at desse listene er opne.

Her er resultatet: http://bit.ly/Skatt2013SMPsak

Budsjett på ny måte. Kommunale budsjett er tungt lesestoff, men innhaldet er svært viktig for alle som bur i kommunen. Ålesund slit økonomisk og har store utfordringar som må løysast. Korleis kan vi som avis klare å presentere stoffet på ein informativ måte som engasjerer lesarane? Då framlegget til kommunebudsjett skulle presenterast i november i fjor, hadde vi eit ønskje om å finne nye måtar å nå ut til lesarane. I tillegg til den tradisjonelle dekninga i papiravisa, vart det laga ein interaktiv grafikk på nett som gav lesarane ei enkel innføring i hovudpunkta i budsjettframlegget. Ein journalist valde ut dei mest interessante postane i budsjettet, og la vekt på å få fram konsekvensane for den enkelte innbyggar. Designaren skapte ein presentasjon som ved hjelp av fargeval, visuelle effektar og animasjon klarte å gjere budsjettet enkelt å forstå. Dei to jobba intensivt, og ti timar etter at rådmannen hadde presentert budsjettforslaget, var den interaktive grafikken publisert på smp.no.
I vekene fram til budsjettet skulle vedtakast av bystyret, vart forslaga ivrig diskutert av både unge og eldre, i mange ulike samanhengar. Infografikken vart lenka inn i alt stoff som Sunnmørsposten publiserte om ålesundsbudsjettet, og vi fekk fleire tilbakemeldingar som handla om at «no forstod sjølv eg budsjettet». Det betyr at vi har gjort det enklare for lesaren å orientere seg, og dermed også engasjere seg i lokale forhold. Og det betyr at vi har gjort jobben vår. 

Her er grafikken: http://bit.ly/budsjettSMP

Trafikkproblem. Datastøtteprosjektet starta med prosjektleiar, journalist og designar. I fjor haust fekk vi på plass ein programmerar, som tilfører gruppa verdifull kompetanse. Prosjektgruppa har flytta ut av eit trongt kontor, sit no sentralt på desken og har fått namnet Sunnmørsposten Lab. Vi legg vekt på å integrere heile redaksjonen i dette utviklingsarbeidet, og «Rush i Ålesund» er eit døme på dette:
Gjennom fleire reportasjar i papiravisa sette vi søkelys på trafikkproblema i Ålesund sentrum. Det var gode og engasjerande saker, og vi stilte oss spørsmålet: Korleis kan vi utvikle dette temaet digitalt? Ideane bobla, og det vart bestemt å gjennomføre ein test der seks journalistar tok seg gjennom sentrum på ulike framkomstmiddel. Vi spurde lesarane; kven trur du kjem først av syklisten, bussen, bilen, mopeden, joggaren eller kajakkpadlaren? Løpet vart rekonstruert ut frå GPS-data og presentert i ein animasjon. Vi samarbeidde med videostudentar ved Høgskulen i Volda som filma alle deltakarane, og ein av våre journalistar sydde alle videoopptaka saman. Eit morosamt, engasjerande og lærerikt prosjekt. I oktober gjekk Rush til topps i konkurransen Data Journalism Award i Stockholm i klassa storytelling.
Sjå hovudartikkelen her: http://bit.ly/RUSHiAalesund

Gå direkte til interaktiv grafikk: http://bit.ly/RUSHanimasjon

Lokalhistorisk. I samband med 110 års-markeringa for bybrannen i Ålesund i januar i år, lanserte Sunnmørsposten ein bybrannapp og ei lokalhistorisk webside. Applikasjonen fungerer som ei digital byvandring, der folk kan oppleve kva som skjedde den dramatiske natta for 110 år sidan, og via mobilen vere med på å «sløkkje brannen». Appen er utvikla av Sunnmørsposten i samarbeid med det lokale firmaet Portalia, og nettsida vart til i samarbeid med Aalesunds Museum. Dette er lokalhistoriske stoff presentert på ein heilt ny måte. Ved å samarbeide med andre teknologibedrifter og institusjonar i lokalmiljøet, kan vi oppnå langt meir enn om vi står åleine. 

Les meir om det her:  http://bybrann.smp.no/

Aldri tidlegare har vi hatt så mange verktøy til å lage god og grundig journalistikk. Derfor er det all grunn til å sjå optimistisk på framtida.

Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten
hrb@smp.no

 

 

 

 

Legg til i min rapport